Tilbake til alle arrangementer

Yoga- og velvære helg på Osterøy


22.-23.februar inviterer me til Yoga- og velværehelg på Osterøy! Her vil du få lade batteria og ha fokus på deg og di velvære i nydelege omgjevnader ved sjøen. På programmet vil det vere ulike yogaopplevingar samtidig som det er rom for eigentid. Om du vil kan du også forlenge oppholdet og vere på Osterøy frå fredag - søndag.

YOGA OG AKTIVITET I DEN GRØNE FABRIKKEN

I det som ein gong var ein møbelfabrikk vil me invitere til ulike yogaopplevingar. Fabrikken ligg heilt nede i sjøen, og det er lagt til rette for både bevegelse og ro frå lyden av bølgjeskvulp.

Denne laurdagen vil me by på fleire yogaøkter i ulik form med fokus på både ro og sprudlande energi. Me inviterer deg med i vår flytande kunstbadstove og lager til ein deilig lunsj. Her vil du kunne ta deg eit friskt sjøbad og og nyte her og no. Etter lunsj vil me bruke tida på spa yoga. Dette er ein time med fokus på å gje slepp og kjenna på velvære. Lett berøring, eteriske oljer og musikk blir brukt som verktøy for å lettare landa og finna ro. Tidlegare deltakarar har gitt tilbakemelding om at denne delen rett og slett var magisk.


OVERNATTING

På ærverdige Fjordslottet Hotell i Fotlandsvåg, kun 5 minutt kjøring unna Den Grøne Fabrikken,  losjerer du deg inn for helga. Du må ordne transport til og fra sjølv.

EIt hotell med historie i veggane og som er omgitt av mektig vestlandsk natur med fjord og fjell.

Sundag etter frokost er moglegheitene mange for å fortsatt nyte nokon timer på Osterøy. Du kan til dømes enten gå ein tur, og me kan varmt anbefale fantastiske Kossdalen.

PRIS FRÅ KR 4290,- PER PERSON, INKLUDERER;

KVEN ER ME?

Søstrene Eirin og Siren vil skape ein totaloppleving for deg denne helga. Eirin er utdanna yogaterapaut og  har 12års erfaring innan yoga og pusteopplevingar. 

Siren driv det lokale treningssenteret på Osterøy og er lidenskapelig opptatt av å skape gode opplevingar for folk. 

Forrige
Forrige
12. januar

Toveverkstad 12.januar