To vaksne og glade karar tok turen frå Vestland til Afrika. Sterke opplevingar og store utfordringar kom som perler på ei snor.
Nokre små glimt frå turen er kjend gjennom oppdateringar i sosiale media.
På denne store kvelden her i Den Grøne Fabrikken får du heile historia - og nye avsløringar. Jon Atle Sangolt og Lars Magne Bysheim viser fram bileter frå turen, teiknar og fortel.
Kanskje lærer du noko nytt? Det einaste vi kan garantera er ein god latter undervegs.
Baren er open med alle rettighetar! Ta turen i Den Grøne Fabrikken for ein hyggjeleg kveld med god historieforteljing.
Pris: 180kr Dørene og baren ope frå kl 18, oppstart ca 19.00. Pauser undervegs.