Tilbake til alle arrangementer

Ullne rom


Utstillingen Ullne rom 24 er eit nytt samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Linn Monica Børresen og Else Karin Tysse Bysheim. Den finn stad i Den Grøne Fabrikken i tidsperioden 26.9 - 13.10. Dette er ein del av Ullveka-24 sitt arrangement.

OPNINGSTIDER:
Torsdag 26.09 kl.18-20 - opning av utstillinga

Laurdag 28.09 & sundag 29.09 kl. 12-17

Tirsdag 1.10, fredag 04.10 & sundag 06.10 kl. 12-17

Laurdag 12.10 & sundag 13.10 kl. 12-17

Ellers ope etter avtale (tlf.901 20 990)

Som eit ledd i Ullveka-24 invitera Den Grøne Fabrikken kunstrane Linn Monica Børresen og Else Karin Tysse Bysheim til å ha ei kunstutstilling. Dei invitera inn publikum til å skapa noko nytt og ukjendt. Dette vert til gjennom å følja eit sett med reglar. Utstillinga startar med ein felles installasjon satt sammen av deira individuelle tidligare arbeid.  Gjennom fleire tablå vert det utforska korleis dei ulike uttrykka kan skape nye uttrykk. I dutstillinga vert det satt opp forskjellige stasjoner der publikum kan prøve ulike håndtverksteknikker. I heile perioden jobbar dei saman med publikum samtidig som dei videreutviklar eigne verk. Det publikum lager vert fritt benytta i nye verk, og den siste veka/helga vert tablåa endra og ei ny utstilling oppstår.

Ull, tekstile stoffremser, karder, handteiner, nålefiltnåler, hekle-og strikkepinner ligg på stasjonar i rommet. Publikum blir bedt om å bevisst ta i bruk sansene i møtet med materiala samtidig som dei skal fylja reglar som er laga til utstillinga.

Prosjektet har som mål å bryta ned barrierer mellom kunsten og publikum ved å invitere publikum inn som aktive deltakera i utstillinga.

Tidligere har Linn Monica og Else Karin jobba saman i en performance gjennom PAB (Performance Art Bergen), og laga en utstilling i saman i Galleri Nøstegaten. Denne gang tek dei det eit steg vidare.

Forrige
Forrige
19. september

Kriminell aften

Neste
Neste
7. oktober

Haustferieaktivitet for born