GRATIS HAUSTFERIEAKTIVITET FOR BORN PÅ DEN GRØNE FABRIKKEN
Me inviterer born til å delta i kunst- og handverksaktivitet i haustferien:
Mandag 7. og tirsdag 8.oktober kl.10-14: born 10-13 år
Onsdag 9.oktober kl. 10-14: born 6-9 år
Det vert servert eit enkelt varmt måltid kvar dag. Det er GRATIS for borna å delta. Begrensa antal plassar.
Påmelding til Else Karin Tysse Bysheim, elsektb@gmail.com eller telefon 909 86 722, seinast onsdag 2. oktober kl. 13.
Følgjande må være med i påmeldinga:
1. Navn og alder på barnet
2. Navn og telefonnummer på vaksen kontaktperson
3. Kva dagar barnet skal delta
4. Eventuelle allergier
Aktiviteten foregår i Den Grøne Fabrikken, Osterøyvegen 2106 (Ved levering og henting, bruk parkering på fortauet utanfor fabrikken).
Om aktivitetane:
Borna vert tatt med på ei omvisning i kunstutstillinga Ullne rom 24. Denne vert utgangspunkt for dialog med borna om kunst og handverk. Deretter vert det praktisk arbeid med å lage skisser og me jobber med nokre handverksteknikkar.
Dei ansvarlege desse dagane er kunstnarane Linn Monica Børresen og Else Karin Tysse Bysheim. Det er dei som skal ha aktiviteten for borna.
Linn Monica er utdanna kunstnar, yogainstruktør og hjelpepleiar. Else Karin er utdanna kunstnar, kunstpedagog, kunstterapaut og barne og ungdomsarbeider.
Aktivitetsdagane er støtta av BufDir.