Tilbake til alle arrangementer

Utstillinga Respectare


Anne Knutsdatter Wille, Grethe Unstad og Brit Bøhme - Respectare

Utstillinga er tilgjengeleg frå 29.juni - 11.august

Utstillinga opnar laurdag 29.august kl.12.00. Opninga av Respectare er ein del av kunstfestivalen Håsong 2024 - ein heil dag stappfull av kunst- og kulturopplevingar i Hosanger. Det er difor mogeleg å ta den vakre veteranbåten DS Oster fra Bergen til utstillingsopninga denne dagen! Avgang kl 9.30 fra Dreggekaien ved Bryggen, retur til Arna/Bergen med rutebuss eller festivalbuss. Sjå fullstendig festivalprogram og kjøp billett til Oster på www.håsong.no.

​Respectare er eit samarbeidsprosjekt der kunstnarane tek utgangspunkt i det nære og i korleis dagleglivets omgjevnader verkar inn på visuelle valg og uttrykk. Ved å fokusere på detaljar ynskjer dei å få det trivielle til å bli det spesielle. I sum kan dette seiast å handla om respekt, det å være til stades i eige liv og eigne omgjevnader.

Ordet “respekt” kjem frå “spectare”, som betyr “å sjå”, eller “å skode framfor seg”. Sett saman med «re-», som er å repetera, å gjera om att, gjev det “respectare”. Det norske verbet “respektere”, direkte oversatt, betyr altså “å sjå om att” eller “å sjå ein gong til”.

Samarbeidet deira kan kallast kontrapunktisk, ved at dei er ulike stemmer i samspel med kvarandre. Begrepet kontrapunkt blir brukt innan musikken om tema og motiv som er sett opp mot kvarandre, samstundes, slik at det oppstår parallellar


Alle tre er biletkunstnarar med base i Bergen.

Arrangør: Osterøy Kunstlag (i samarbeid med Den Grøne Fabrikken).

Følg gjerne meir med på alt av utstillingar gjennom sumaren på Osterøy Kunstlag si nettside.

Forrige
Forrige
29. juni

Håsong Kunstfestival 29.juni

Neste
Neste
20. juli

Utstilling med Heidi Drejer