Me har gleda av å invitere til ei magisk førjulsstund her i Den Grøne Fabrikken. Bli med på ei avspenningsoppleving før jul med badstove, fjordbad og ein guida time med avspenning og pusteøvelsar. Me avsluttar med deilig urte-te og vår populære luksusgraut. Nyt stillheten, finn juleroen og opplev Mjøsvågen som badar i vakre lys. Me gler oss.
OPPMØTE
Møt opp i Den Grøne Fabrikken, inst i Mjøsvågen på Hosanger Link til kart
BADSTOVE
Det blir eit opphald i badstova på ca. 1 time. Nokon startar med badstova, medan andre startar med pust (det blir du informert om når du kjem). Du blir tatt i mot av ein badstumeister ved ankomst som viser deg til den flytande badstova ute på brygga. Her er det tid for å mjukne kroppen, slappe av og kjenne på den gode varmen og kva den gjer med deg. Kombiner gjerne med eit fjordbad om du ynskjer, eller avkjøl deg i utedusjen vår.
PUST
Inne i den store salen lagar me til ei stemningsfull og behagelig økt på yogamatta. Vår instruktør, Eirin, guidar deg gjennom både pust og avspenningsøvingar. Me har matter, klosser og pledd, men vil du ha med eige kan du også det. Me anbefalar at du har på deg varme og behagelige klede. Det krevs ingen kunnskap/erfaring med yoga for å delta.
SERVERING
Til slutt samlast me alle i den koselege “stova” vår. Her blir det ei sosial stund der me serverer te, kaffi og Den Grøne Fabrikken sin luksusgraut (kjøleskapsgraut med mykje digg tilbehør).
PRAKTISK / BEKLEDNING
I badstova kan du nytte badekler eller shorts/topp ( gå med det du føler deg komfortabel i). Ellers er det greit å ha med:
2 handduker, 1 til å ha i badstova og 1 til etterpå
Drikkeflaske med vatn
Behagelige, tørre og varme kler til etterpå
Me har 2 toalett og 1 dusj. Dersom ein ynskjer å nytte dusjen må ein gjere det før pustedelen eller etter arrangementet er ferdig.
PARKERING
Ein kan parkere v/Mjøs Metall (rett over Den Grøne Fabrikken) på ettermiddag/kveld og helg. Ellers er det parkering på dampskipskaien (vis a vis Den Grøne Fabrikken, ca. 2min og gå).
Har du allergiar? Send oss ein epost post@flabellina.no.
*Påmeldingen er bindande. Er du forhindra frå å møte er eit tips å prøve å selge billetten din til nokon andre som kan ha nytte av opplevinga.