Tilbake til alle arrangementer

Utstilling med Simen Langeland


Simen Langeland - Maleri
Utstillinga står frå 15.juni - 14.juli 2024.

Utstillinga opnar laurdag 15.juni kl.13.00. Kunstnaren vil vere tilstades og det blir musikalsk innslag.

Simen Langeland er ein kunstnar som utforskar nære og mytologiske tema gjennom maleri som medium. Nokon bilete peikar mot bergensk folkeliv og byens ulike institusjonar. Innhaldet er i nokon grad sjølvbiografisk, der han prøver å fange tidsanda som pregar kunstnarens generasjon i Bergen. Motiva er ikkje naturalistiske, men har eit subjektivt preg der, kunstnaren legg inn referansar frå mytologi, religion og kultur. Bileta kan skildrast som gjenkjennelege, men med eit magisk, utforskande og subjektivt blikk på Bergen by. Andre delar av maleriproduksjonen er meir retta mot dikting rundt mytologi og religiøse tema. Desse fungerer som tankekart der referansane til kunstnaren får fritt spelerom på lerretet.

Maleria er primært akvarellar med innslag av blekkteikning, der det oppstår ein dynamikk mellom stilisert teikning og utflytande vatnmaling. Dette er med å skape spenning mellom ulike og kontrastfylte teknikkar i Langelands maleri.

Kunstnaren har tidlegare hatt utstillingar i Bergen og Oslo. I tillegg har han laga diverse veggmalerier i dei same byane. Veggkunsten har ein metode som nærmar seg akvarell i uttrykket.

Me gler oss stort, og ynskjer alle hjarteleg velkommen. Kunstnaren vil sjølv vere til stades på opninga. Det blir også musikalsk innslag.

Arrangør: Osterøy Kunstlag (i samarbeid med Den Grøne Fabrikken).

Følg gjerne meir med på alt av utstillingar gjennom sumaren på Osterøy Kunstlag si nettside.

Forrige
Forrige
19. april

Yoga- og velvære helg på Osterøy

Neste
Neste
29. juni

Håsong Kunstfestival 29.juni